Ein liten fin biltur ut langs Lustrafjorden, og du kjem til Urnes stavkyrkje, den eldste og best bevarte av stavkyrkjene (ca. 1130). Du kan lære meir om stavkyrkja på utstillinga i besøkssenteret. Stavkyrkja på Urnes vart innskriven på Verdsarvlista (World Heritage List), lista over verda sin kultur- og naturarv i 1979.