Fiske

 Vassbakken Kro og Camping ligg ved Fortunselva og Mørkridselva, med gode høve til å fiske sjøaure og laks.

Ved Vassbakken Kro og Camping renn Fortunselva, der ein kan fiske sjøaure og laks. Det er òg høve til å fiske i Mørkridselva, berre 5 minutt med bil unna. Me sel fiskekort for ein 3-kilometers strekning av Fortunselva. For anna fiske i Fortunselva og Mørkridselva må grunneigarane kontaktast.

Hugs å betale fiskaravgift når du skal fiske laks og sjøaure.

I 2018 er fisket er ope i perioden 15.07.–31.08. 

  • Dagskort:  Kr. 300,-
  • Vekeskort: Kr. 1400,-
  • Sesongkort: Kr. 3000,-

Skal du kjøpe fiskekort på Vassbakken må du benytte vipps eller betale kontant. Det er ikkje mogleg å ta ut kontantar med kort fra kassa på Vassbakken.