Turar frå Vassbakken

Fuglesteg

Turen til Fuglesteg er ein klassikar. 5 minutt i bil, så er du på veg opp til den nyrestaurerte fjellgarden Fuglesteg, som har panoramautsikt over Fortunsdalen og Skjolden. Siste delen av turen er forholdsvis bratt, så hugs å ta med godt med drikke.

Les meir her

Wittgenstein

Besøk tomta der den berømte austerrikske filosofen Wittgenstein i periodar budde. I 1921 gav Wittgenstein ut boka Tractatus logico-filosoficus, som den dag i dag er rekna som eit av dei viktigaste standardverka innanfor moderne filosofi. Delar av boka skreiv han i huset sitt i Skjolden.

Den opphavlege tomta er på ei hylle i ein bratt fjellskrent 30 meter over Eidsvatnet, ein stad som vert kalla «vesle Austerrike» av dei som bur i bygda, på grunn av den kjende filosofen.

Utsikt mot Wittgensteins tomt

Gjerseggi

I fjellsida over Vassbakken Kro og Camping ligg den nedlagde fjellgarden Gjerseggi. Derifrå har du fantastisk utsikt over Fortunsdalen, med Fortunselva som renn gjennom dalen rett forbi Vassbakken. Ein ganske enkel tur som tek 30–40 minutt opp.

Åsafossen

Åsafossen kastar seg ut av fjellsida rett imot Vassbakken Kro og Camping. Etter at sherpaer frå Nepal har vore der og laga sti, er det no ein kort og lett tur opp til fossen.