Dulsete
Dulsete er ein gammal støl som vart nytta til stølsdrift fram til 50-talet. I Mørkridsdalen er det mange godt vedlikehaldne stølar, og framleis går det beitedyr i det gamle kulturlandskapet. Ein forholdsvis lett tur gjennom storslegen, grøn og unik natur. Ved sida av stien renn Mørkridselva, som gir deg ei mektig oppleving der ho ved eit punkt fossar stritt gjennom eit elvegjel. Turen startar 5 km frå Skjolden.
Les meir her.
Rebnisli
Dette er ein utsiktstur som startar i Skjolden. Turen går forbi høgdegardane Flaten, Skåri og Rebni, til stølen Rebnisli. Turen byr på flott utsyn mot Skjolden og Lustrafjorden.
Les meir her
Åsetevatnet
Ein bratt tur opp til 850 moh. På denne turen får du eit flott utsyn over Mørkridsdalen, Åsetevatnet med stølsgrender og Hurrungamassivet i Jotunheimen. På vegen opp kjem du tett på den mektige Drivandefossen.
Les meir her